Alf Opheim Optikk Alf Opheim Optikk
Meny

Lokale saker

Tanker og refleksjoner 20. oktober 2026

KUNDEHISTORIE

20 års fartstid i barnehage, kva tenker eg om det?
Eg klarte meg eg, takka være at mamma og pappa leste om Alf Opheim sr. i Norsk Ukeblad og i tillegg fekk gode råd frå vener om han. Far og son Opheim redda samsynet og ja, synet mitt og. Begge to svært kunnskapsrike optikarar, ja tenk det, prismebiller var redninga. Tenk om eg ikkje hadde fått dei, hadde eg klart skulegangen då? NEI!! Hadde eg kunne jobbe i barnehage, og før det som støttepedagog ved fagsenter? NEI!! Kva skulle eg gjort då? Hvis eg ikkje hadde kome meg gjennom grunnskulen eller vidaregåande med så dårlege auge som eg hadde? Takknemleg for jungeltelegrafen eg…

Må det være store og synlege synsvanskar for å oppleve redusert livskvalitet og utfordringar som hodepine, trøtthet, fatigue, dobbeltsyn, tåkesyn osv.? Nei, og det er så viktig å få fram. Ein liten synsfeil kan gje store utfordringar / symptomar. Mi synlege skjeling kom tydeleg fram etter ein barnesjukdom då eg var liten, nokre år før skulestart. Då sklei det eine auga mitt inn mot nasa. Eg er ikkje åleine om å få meir utfordringar etter infeksjon / sjukdom.

 

Kva eg tenkjer på?
Jo, denne går rett til dykk politikarar, enten du er lokalpolitikar, er i regjering eller på Stortinget, og til alle som jobbar med barn, ungdommar og vaksne. Skal ein ikkje begynne i rett ende? Sjekke synet hos kompetente fagfolk, før ein eventuelt må lande på andre konklusjonar? Det er ikkje sånn i dag. Mamma, no ei eldre dame, ho kjempa for rettigheter og rett hjelp for meg, henne, pappa, søsken og andre slektningar og vener og alle som treng hjelp. Ho skreiv mykje referat i den tida, ho sendte brev på brev til mange ministre, og foreldre engasjerte seg veldig. Eg var med i eit fantastisk viktig forskningsprosjekt om samsynsvanskar, synlig og skjult skjeling, dobbeltsyn osv. i 1992, eg sendte brev til barneombudet og vi var intervjua i aviser saman med andre i same situasjon, både i BT og VG. Pappa var like engasjert på det han kunne bidra med.

 

Kor eg vil hen?
Jo KVIFOR er det gått så lite på fram med tanke på å få rett hjelp hos rette fagfolk og å få kunnskap ut til oss ute i feltet? Det er frustrerande å gang på gang få svar at det finns gode nok synskontrollar for barn og så vise det seg at barna ikkje blir fanga opp før eventuelt mange år seinare. Kva med livskvalitet? Skulegang? Jobb? Ikkje minst muligheter til å redde synet? Unngå alle ringvirkningar, unngå ungdommar som dropper ut av skulen fordi dei ikkje klarar meir, kanskje fått diagnosar som krysser av på liknande symptomer som samsynsvanskar kan ha, det være seg ADHD, utbrenthet, ME, lese- og skrivevanskar osv. Sjølvsagt har ikkje alle med desse symptoma samsynsvanskar som kan løysast med prismebriller, men det veit ein ikkje før ein har sjekka synet hos kompetente fagfolk.

 

 

Samsynsvanskar, synlig skjeling, skjult skjeling er veldig arveleg, det ser vi altfor ofte. Har mor og / eller far, tanter, onklar, søskenbarn, meir perifere familiemedlemmar synsutfordringar eller symptomer, vær obs på neste generasjon! Det seier eg av heile mitt hjarta!

Eg har kome til eit punkt i livet der eg ikkje kan sitje og sjå på dette. Heldigvis er vi mange engasjerte, så vi gir ikkje opp! Det er barn, unge og vaksne der ute som og treng rett hjelp. PÅ Voss har Alf Opheim Optikk Voss med Alf Opheim, Heidi Ervik Opheim og gjengen eit brennande ønskje om å hjelpe og spre kunnskapen saman med kollegaene deira rundt i landet. Tusen takk for at de står på og hjelper så mange! Alf Opheim, du ser kvar ein av oss, og i møte med deg blir vi sett og hørt. Du gir ikkje opp, og du har ein enorm kompetanse og erfaring som eg ser kvar einaste gang eg kjem for synskontroll.

Heilt til slutt i denne omgang. Det er lenge sidan 1982, då mamma og pappa reiste til Voss for første gang. Dei fekk fantastisk hjelp, og det same fekk eg! Eg hugsar det som det var i går. Eg hadde begynt på skulen då, og hadde svært nedsatt syn, samstundes som eg var glad i bøker og å lese. Korleis eg klarte å lese det forstår eg ikkje den dag i dag. Det eg forstår er at utan hjelpa på Voss hadde eg aldri klart å studere og bli barnehagelærer med etterutdanningar bl.a. innanfor spesialpedagog, norsk og matematikk. Eg brenn for at andre skal få samme hjelp som eg fekk, for det er så viktig!

 

 

 


Kategorier: Kundehistorier • Lese- og skrivevanskar • Samsyn •