Alf Opheim Optikk Alf Opheim Optikk
Meny

Lokale saker

Pasientoppleving: Om hovudverk og dårleg samsyn

Mange år med hovudverk

Sidan eg har vore lita har hovudverken vore ein fast følgjesvein, eg har ofte sagt på tull at «eg er født med hovudverk». No, langt over 30 år seinare, har eg skjønt at dette har kanskje ikkje vore tull likevel. Frå 6-årsalder har eg vore i kontakt med optikar/helsevesen for skjult skjeling. Starta med lesebriller i 8-års alderen, etterkvart blei det briller eg gjekk med heile tida. 13 år gamal opererte eg for skjeling. Eit par år etter operasjonen fekk eg vite at eg hadde dårleg samsyn og fekk prismer i brillene. Eg visste ikkje heilt kva det innebar, anna enn at augene samarbeidde dårlig. Sjølv om eg, stort sett, har hatt ei oppleving av å ha gode briller, har hovudverken vore der. Eg har ikkje kobla at den kan ha noko med augene å gjere, har heller trudd at det har vore kombinasjon av stress på skule/jobb, dårleg inneklima og mykje databruk.

Lesebriller

For eit par år sidan, fekk eg tips frå mor mi at eg skulle prøve lesebriller, sidan eg har progressive briller. Det blei ei skikkeleg a-ha oppleving. For fyrste gong i livet opplevde eg at augene sto i ro og samarbeidde godt. Eg oppdaga at når eg skulle lese med dei vanlege gåbrillene mine, begynte det eine auge på ei setning og det andre auge begynte opp att på same setninga. No kunne eg bl.a sitte å lese i timesvis mot 15-20 minutt tidlegare, handarbeid og forskjellig på data gjekk unna i ein fei. Eg har trudd at det er eg som har vore lat som ikkje har klart å lese så lenge, og at eg har vanskeleg for å lære når det gjeld handarbeid, sidan det har tatt så lang tid.

Etter å ha fått lese- og databrillene mine opplevde eg at dei vanlege gåbrillene mine ikkje lenger fungerte skikkeleg, det var tydeleg at augene dirra då eg hadde dei på. Var innom  butikken eg hadde fått dei i frå, fekk beskjed om at dette var riktige briller. Å bytte mellom desse 3 brillene til stadighet, gjorde at hovudverken eskalerte noko enormt. Utanom jobb blei det stort sett å ligge på sofaen og sove. Eg skulda på inneklima og mykje mas på jobb…..

 

Å ha dårleg samsyn

Ut i frå dei erfaringane eg gjorde med dei nye brillene, ville eg prøve å finne ut meir om kva det innebærer å ha dårleg samsyn. Gjennom sjefen min fekk eg tips om Alf Opheim Optikk. Leste artikkelen på heimesida, «Små synsfeil kan gi store problemer», der var det mykje gjenkjenbart.  Ringte på butikken og snakka med ei hyggeleg dame. Eg sa at det kunne godt vere at eg hadde fått den hjelpa eg skulle ha, men om det kunne vere mogleg å ta ein tur likevel. Eg blei ønskt varmt velkommen.

25. juni 2018 blei det tur til Voss. Var fryktelig nervøs, det hadde vore litt pinleg om det blei bomtur og at alt med brillene stemte, sidan eg no hadde gode lese- og databriller. Det blei eit veldig godt møte og eg forsto raskt at her var det god hjelp å få. 14 dagar seinare kom dei nye brillene i posten. Byrja å bruke dei ein tysdag,  torsdagen same veka skjønte eg at dette var gode briller. Var på dagvakt denne torsdagen og skulle på vårt vanlege morgonmøte. Eg satte meg slik eg brukte for å kunne sjå powerpointpresentasjonen fremst i rommet. Hovudet på skakke og lata igjen venstre auge for å fokusere, då oppdaga eg at dette var ikkje nødvendig å gjere lenger. Eg kunne ha begge augene opne og såg presentasjonen klart og tydeleg.

Seinare, same dag, skulle eg møte ei venninne i sentrum.  Eg sat i bilen og venta, då merka eg at eg var lys vaken og at hovudverken var vekke. Dette kunne umogleg vere sant, tårene trilla og eg ringte til familien for å fortelje om det som hadde skjedd. Denne augneblinken kjem eg aldri til å gløyme, heller ikkje ho mor og han far klarte å halde tårene tilbake.

Lite visste eg at kvardagen min skulle bli snudd så til de grader på hovudet, i positiv forstand, etter mitt møte med Alf Opheim Optikk. Er evig takknemleg for det Alf Opheim og hans medarbeidarar har gjort for meg.  

Mvh Silje-Katrin Sandnes, Førde

Kvardagen før og etter med nye briller

Før:

  • lata igjen venstre auge for å fokusere
  • telte maskene på strikketøy 4-5 gongar, tok sats når augene var klare
  • klarte ikkje å lese det som sto på ei delt linje/tabell/bestillingslister, brukte ein linjal e.l for å klare å følge bortover på arket
  • augene jobba/dirra med gåbrillene (oppdaga ikkje dette før eg hadde fått lesebrillene)
  • sov 1-3 timar for dag
  • fungerte ikkje mellom nattevakter, blei sittande i sofaen
  • klarte ikkje lenger å bruke gåbrillene på data etter eg fekk databriller
  • kjensle av slag mot hovudet når eg gjekk ned trapper
  • kjensle av å vere tett øverst i nasa
  • klarte ikkje gå på trening etter dagvakt, kroppen ville, hovudet sa nei
  • konstant hovudeverk

No:

  • har  omtrent ikkje vondt i hovudet
  • kan gå på trening etter dagvakt
  • kan ha opne begge augene heile tida
  • teller maskene på strikkketøy ein gong
  • kan lese tabellar utan hjelp av linjal
  • begge augene drar i same retning
  • ikkje sove på dagtid grunna hovudverk
  • orkar å gjere ting mellom nattevakter
  • kan lese automatisk, treng ikkje vente på at augene er klare, t.d sjå på eit broderi også  gå rett over på lesing
  • alt går mykje fortare

Kategorier: Kundehistorier