Alf Opheim Optikk Alf Opheim Optikk
Meny

Lokale saker

Kundehistorie til Avisa Hordaland

Av Wenche Pile: Kommentar til Geir Geitle sin artikkel om augelegetenesta på Voss 21. september:

Eg skjønar godt at bebuarane  i Voss og omegn er bekymra for augelegedekninga si, men tilsynelatande gløymer dei at dei på Voss også har ein stor ressurs innafor optometri og samsynsvanskar. At Alf Opheim Optikk tilsynelatande er meir kjent utanfor Voss enn på Voss, tykkjer eg er underleg. Å kontakta Opheim burde vera førstevalget når born har problem med synet. Det er der kompetansen på samsynsvansker fins og Opheim har kompetanse og utstyr til å sortera ut dei borna som eventuelt har augesjukdommar og henvisa vidare til augelege.

Eg forsto tidleg at det var noko i vegen med augene mine. På alle bilete frå barneåra held eg handa framfor venstre auga. Ubehagelege kommentarar sat til tider laust både hjå vaksne og tenåringsgutar og eg gjekk omvegar for å sleppa å møta enkelte av dei.

Første gong eg var til lege pga hovudverk var eg fem år gammal. Legen sa at born ikkje har hovudverk og at eg skulle leggja meg tidleg og drikka tran. Etter «trankuren» våga eg ikkje lenger å fortelje nokon at eg hadde hovudverk.

Eg hadde mitt føste møte med augelege då eg var 7 år i 1965. Foreldra mine fekk beskjed om at det ikkje var nåko å gjera, då det var for seint å starta med lapp over det friske auget, sidan synet på det andre auga var så svekka. Eg hadde allerede hatt hovudverk så lenge eg kunne hugsa og fekk ingen forventningar om å bli betre.

I tredje klasse (1968) blei eg sendt til augelege i Bergen, etter ein skade under leik. Augelegen sa at skaden ville gro av seg sjølv, men han utrykte bekymring for synet mitt. Han sa at det ikkje fanst behandling for den type synsfeil og at synet ville bli svakare og svakare på det venstre auga som eg skjegla på. Det var ikkje sant at det ikkje fanst behandling. Allerede då fanst det behandling på Voss!

På barneskulen klarte eg meg stort sett bra, med unntak av fag som krevde konsentrasjon og hukommelse. Læraren kom ofte bort for å retta opp hovudet mitt, men med hovudet på rett kjøl klarte eg ikkje å lesa i det heile.

På ungdomsskulen  gjorde eg det bra i fag som krevde lite lesing og konsentrasjon, som engelsk, norsk stil gymnastikk og skulekjøken. I 8. klasse skreiv klassestyrar i karakterboka mi at eg var underytar! Han sa i ein samanheng at eg hadde vist at eg hadde evner, men brukte dei ikkje. Dermed plasserte han ansvaret for dei dårlege skuleprestasjonane hjå meg. At eg var skjegl på det venstre auget var synleg for alle, men han spurde aldri om det var eit problem for meg. Eg visste heller ikkje at det var det som var problemet, då augelegen hadde sagt at synet på det andre auget var så godt at eg kunne klara meg med det. Eg torde ikkje å sei at eg hadde kraftig hovudverk og nakkesmerter og var heilt utsliten etter kvar einaste skuledag.

 

I fritida jobba eg ofte i kiosken på ferja, godt synleg for reisande lærarar, nåko som gav mindre hovudverk, men meir kritikk og kjeft frå lærarane. Dei meinte at eg heller burde vera heime å gjera lekser. På det tidspunktet forsto eg ikkje fullt ut at det var manglande samsyn som var årsak til konsentrasjonsvanskene og lesevegringa mi. Når eg la hovudet på skakke, klarte eg å lesa, men hugsa ikkje så mykje. Samstundes var det jo fleire elevar i klassen som, fagleg sett, sleit meir enn meg.

 

Første gong eg høyrde om Alf Opheim sr. var i 1974.

Eg hadde blitt kjent med ein familie der mor og fleire born gjekk til behandling hjå Opheim pga skjegling og manglande samsyn. Dei var svært nøgde med den hjelpa dei fekk. Eg skjøna at dette kunne vera nåko for meg, men som 16 åring i min første heiltidsjobb, ville eg ikkje klara det økonomisk.

Eg drøymde om å ta utdanning og 25 år gammal melde eg meg på eit kurs i historie og samfunnskunnskap ved Vaksenopplæringa. Etter halvgått kurs var eg så langt på etterskot at eg valde å slutta. Å lesa 45 sider i veka og hugsa innhaldet, var uoverkommeleg med min konsentrasjonsevne. Eg ville ikkje utsetja meg for nederlaget det ville bli å stryke til eksamen.                                                                                                                                                              Like etterpå ba eg fastlegen om henvisning til augelege pga av hovudverk. Eg spurde augelegen om han hadde kjennskap til Alf Opheim på Voss. Han frårådde meg på det sterkaste å oppsøkja han. Han hevda at det han dreiv med var å rekna som kvakksalveri utan rot i forskning og vitenskap og det ville bli svært dyrt. Han ville heller tilrå operasjon. Eg vart operert og smertene blei verre enn nåkosinne.

Nokre veker seinare kontakte eg Alf Opheim sr. Opheim sr. var rysta over resultatet av operasjonen. Han vurderte operasjonen som irreversibel og på grunn av dette ville eg mest sannsynleg ikkje kunna oppnå samsyn. Han sa han var svært lei seg for at eg ikkje hadde kome før. Han meinte likevel at med tilpassa briller kunne eg få det betre. Og betre blei det! Eg fekk mindre hovudverk og no kunne eg lesa, også det som sto under overskriftene i avisa, utan å overanstrengja meg. Ei ny verd hadde opna seg då eg endeleg kunna lesa og ikkje minst hugsa ein del av det eg las.

To år seinare starta eg på vaksenopplæringa på gymnaset og tok engelsk og norsk i løpet av 3 år. Deretter tok eg historie-og samfunnskunskap på brevkurs, og gjekk opp til eksamen som privatist, med karakteren 5. Det var ei surrealistisk oppleving. Med det hadde eg det som skulle til for å koma inn på enkelte høgskulestudium. Dette var i 1990.

Eg drøymde om å bli sosialarbeidar og i 1991 opna Sosialhørskulen i Bergen. Eg søkte på førehandsopptaket og kom inn! Det var ein stor deg!

Det blei tre krevande år med fulltidsstudier, tre born og nesten 4 timar reisetid kvar dag. Eg las i alle ledige stunder! Eg fekk ikkje toppkarakterar, men over gjennomsnittet, så eg vart sosionom. Alf Ophein sr. var ein trufast støttespelar gjennom heile studiet.

 

 

Etter 14 år i arbeid med barnevern, rus og psykiatri, starta eg på vidareutdanning i «Vold og traumatisk stress.» Deretter søkte eg jobb innan rushelsetenesta. Der fekk eg stort utbyte av utdanninga. Eg møtte fleire pasientar med liknande utfordringar som eg sjølv hadde hatt og såg etterkvart at rusmisbruket kanskje ikkje var hovudårsaka til vanskane, men heller ei sjølvmedisinering mot traumer som konsekvens av ein vanskeleg oppvekst med dårlege skuleprestasonar. Ein av brukarane mine hadde fått diagnosen lettare psykisk utviklingshemming, nåko han sjølv meinte var feil. Etter å ha blitt skikkeleg kjend med han, var eg samd med han i det.

 

Gjennom åra har eg tilrådd fleire foreldre til born med samsynsvanskar å oppsøkja Alv Opheim Optometri på Voss. Men når augelegen har frårådd det på det sterkaste, har dei ikkje hatt mot til å trassa spesialisten.

Hadde det ikkje vore for Alf Opheim Optometri, hadde eg aldri blitt i stand til å fullføra ei 4 årig høgskuleutdanning. Med konstante smerter og skeivslitne nakkemusklar hadde eg mest sannsynleg blitt arbeidsufør i ung alder.

No snart 40 år seinare er stoda om lag den same. Framleis er det mange born med samsynsvanskar som ikkje får den hjelpa dei treng og som dei burde hatt rettmessig krav på! Kor er helsestyresmaktene og kor er augelegane sin profesjonelle sjølvrespekt? Hjelpa finst og prisen er låg samanlikna med kva eit øydelagt liv kostar. Utan brukbart syn og med store smerter, vil dei fleste bli ståande utanfor arbeidslivet, i dagens samfunn!

 

Mvh Wenche Pile

 

 


Kategorier: Alf Opheim Optikk Arkiv Briller Informasjon Kontakt oss