Alf Opheim Optikk Alf Opheim Optikk
Meny

Lokale saker

Skjult skjeling

KUNDEHISTORIE

 

Her er mi historie om skjult skjeling og plager knytt til dette. Eg trur kanskje det er fleire enn meg som opplever at ein ikkje får den oppfølginga som ein skulle ha fått på samsynsvanskar og dette treffer i ei digitalisert tid som stiller store krav til augene våre. I den nasjonale digitaliseringsstrategien for 2024 – 2030 har ein også sett som mål at Norge skal vere verdens mest digitaliserte land i 2030.

 

Min bakgrunn er at eg er ein mann på 57 år, utdanna dataingeniør og har dei siste åra jobba som dagleg leiar i eit IT-selskap. Mine samsynsvanskar kom sigande på då eg var 26 år og jobba med programmering i Oslo. Eg vart sjukmeldt med store plager som hodepine, svimmelheit og konsentrasjonsvanskar. Eg var til både optikarar og augelegar utan at eg fekk den hjelpa eg trengde. Dette var ei tung tid. Til slutt valde eg å seie opp jobben min og flytte heim til Vestlandet. Eg måtte byrje å bruke lapp på eine auget for å kunne fungere. Det lokale sjukehuset opererte meg då for skjult skjeling etter ca. 1,5 år. Etter operasjonen hadde eg mange gode år i arbeid, men eg greidde aldri å bruke brillene augelegen og optikaren meinte eg skulle bruke.

 

Når eg var 42 år fekk eg på nytt samsynsvanskar og mykje plager. Dette var fyrst gong eg besøkte Opheim på Voss. For fyrste gong i livet mitt fekk eg briller som eg kunne bruke. Undersøking på Haukeland viste at det var grunnlag for ein ny operasjon og valde då å operere meg ein gong til. Denne operasjonen følte eg var veldig god. Eg tok også laseroperasjon på privatklinikk slik at eg greidde meg utan briller. Når eg var 52 år fekk eg på nytt plager med dårleg samsyn. Eg reiste då til Voss nok ein gong og fekk briller som hjalp meg. For å spare pengar på reisekostnadar håpte eg at kontroll to gongar i året hjå ein vanleg optikar i heimeregionen skulle hjelpe meg og fange opp i tilfelle samsynet vart verre. Det gjekk ikkje bra dessverre. På nytt når eg var 56 år så måtte eg til Opheim på Voss for å få hjelp.

 

Eg er evig takknemleg for den hjelpa eg har fått med Alf Opheim Optikk med prismebriller for mine samsynsvanskar. Hjelpa har vore heilt avgjerande for å kunne leve eit aktivt liv med familie og for å kunne gå i full jobb! Mi erfaring er at også små skjelevinklar kan gi mykje plager. Fleire gongar i livet mitt der optikarar og augelegar ikkje har kunne hjelpe, så har prismebriller frå Opheim gjort at eg har greitt å kome meg føre igjen og tilbake i fullt arbeid innan IT og administrativ leiing. Trass i lang reiseveg brukar eg Opheim fast no og prioriterer jamnlege kontrollar.

 

 

Her er plager som eg knyter til mine samsynsvanskar:

Vondt i auga med svie-kløe-stråling, dobbeltsyn til tider, konstant hodepine, vondt i øvre bakhode, ømme nakkefester og stiv nakkemuskulatur, prikking i huda oppe på hovudet, svimmelheit, konsentrasjonsvanskar, dårleg uthaldenheit, dårleg søvn, stråling til framtenner og kan kjenne det heilt ned i magen, indre uro, orker ikkje så mykje og må kvile mykje, orker ikkje å trene, vegring for å gjer ting – får det ikkje til, vektauke, føler meg tett i øvre del av nasa utan å vere det.

 

 

 


Kategorier: Kundehistorier • Prismeglass • Samsyn •