Alf Opheim Optikk Alf Opheim Optikk
Meny

Lokale saker

Lærarar og foreldre treng meir kunnskap. 40.000 barn i Noreg har eit uoppdaga behov for synskorrigering

– Lærarar og foreldre treng meir kunnskap om kva dei skal gjera dersom eit born har vanskar med å lesa eller skriva. Det kan vera at ein fyrst går til BUP og PPT. Praksisen burde vera å utelukka synsfeil fyrst. Testen som er standard for borna i dag fangar ikkje alt.

Det seier optikar Alf Opheim på Voss.

Han viser til ein fersk rapport frå Menon Economics, som seier at 40.000 barn i Noreg har eit uoppdaga behov for synskorrigering.

Opheim peikar på at dette kostar samfunnet store pengar, og meiner dagens synssjekk på helsestasjon ikkje er nok. I staden meiner han barn må få vurdert synet hjå ein optikar.

– Korleis kan du seia at synssjekken på helsestasjonen ikkje er god nok?

– I dag blir testane gjort på fireårskontrollar. Helsesjukepleiar testar synet på høgre og venstre auge. Det er for enkle testar, for augehelse handlar om meir. Mange barn kan sjå godt, men likevel har ikkje auga det godt. Mange slit med at dei er trøytte, slitne, ukonsentrerte og har lesevegring. Det er vanskeleg å fanga opp, for helsesjukepleiarane har ikkje godt nok utstyr.

 

Sleit

PRØVD FORSKJELLIG: Vilde hadde prøvd mange forskjellige behandlingar, som lappebehandling, før ho fekk brillene som var til hjelp. Foto: Privat

 

Vilde Taule Haugstad frå Bergen var ei av dei som hadde behov for synskorrigering. Som barn hadde ho openberre problem med skjegling, men det var ikkje det einaste synsproblemet. Elin Berge Taule, mora til Vilde, var ikkje imponert over konklusjonane ho fekk hjå augnelege den gongen:

– Han sa at ho såg godt nok til å køyra bil, men ho var jo nettopp byrja på barneskulen så det var jo ikkje viktig i det heile.

Haugstad sleit med å lesa, og hadde smerter. Ho vart tilvist til Haukeland, men dei kom ifylgje mora ikkje fram til noko anna enn augnelegen.

 

– Heilt til Voss

Ein dag fekk Taule eit råd som kunne hjelpa dottera. Rådet fekk ho av ein spesialpedagog på skulen der ho jobba som lærar.

– Eg fekk tips om ein optikar på Voss. Fyrst vurderte eg å ikkje gjera noko med det, me måtte jo dra heilt til Voss!

 

OMPLISERT: På Opheim Optikk har dei mange typar maskiner. Denne brukar KI, og er eit godt verktøy for optikaren. Alf Opheim sjekkar synet til Vilde Taule Haugstad. Foto: Andrea Bergsland

 

Hjå Opheim Optikk på Voss brukar dei ei anna tilnærming enn augnelegane og andre optikarar, ifylgje optikar Alf Opheim.

– Dette handlar om at auga ikkje arbeider saman slik som dei skal, og i verste fall kan det føra til at eitt auge tek over all jobben og ein berre har 25 prosent syn på det andre, forklarar han.

Dette blir kalla samsynsproblem.

– Samsynsproblem kan gje vanskar med til dømes leseuthald og konsentrasjon, noko som ikkje alltid er lett å oppfatta som synsfeil, seier Opheim.

Sjå meir

 

Frå staten

– Er ikkje dette utspelet berre eit forsøk på å skaffa levebrød i all framtid til deg og dine kollegaer?

– Det kan du seia. Men dette har me påpeikt i 40 år og har bede om tverrfagleg samarbeid. Me er oppriktig fortvila og bekymra over at mange barn ikkje får nødvendig synshjelp. Det må bli gjort ei objektiv vurdering, så får folk vurdera sjølv etterpå. Der sit optikarar med enorm kunnskap og rett utstyr. Berre eit fåtal treng medisinsk behandling, i dei aller fleste tilfella er optometrisk behandling nok.

 

– Kva meiner du er løysinga? Korleis skal dette bli finansiert?

– Det må skje ei politisk haldningsendring: Her har optikarar kunnskap, ressursar og kort ventetid. Elles i helsevesenet blir behandlingar og undersøkingar betalt med eigendel og resten finansiert gjennom trygdesystemet. Då er me inne på ei politisk sak, ikkje noko eg bestemmer.

Hordaland har den siste tida skrive mykje om at Voss står i fare for å mista augnespesialisten på sjukehuset.

 

Opheim understrekar at behovet for ein augnelege på Voss er stort:

– Det er heilt klart. Men det finst mykje me kan avlasta augnelegen med. Det kan også korta ned ventetida. Tverrfagleg samarbeid er nøkkelen.

 

Takksam

BRILLER ER IKKJE BRILLER: Brillene Vilde Taule Haugstad brukar no er heilt spesiallaga for ho, og dei har gjort at synsproblema gradvis har vorte betre. Foto: Privat

 

– Eg fann ut at det ikkje var eg som var dårleg, men synet mitt. Det var ikkje før i 4. klasse eg lærte å lesa, men no finn eg glede i lesing og læring, seier Haugstad.

Ho er takksam for at ho fekk hjelp. Haugstad skal no byrja på andre året på ein bachelorgrad i Bergen.

– Om eg ikkje hadde fått den hjelpa som eg har fått her, så hadde eg ikkje orka halvparten av det eg gjer i dag, seier ho.

 

POLITISK: Opheim meiner også at Nav sine satsar for støtte til brillekjøp burde hevast, og ynskjer politiske tiltak: – Det er fleire som opplever å ikkje få hjelpa dei treng gjennom offentlege stønadar og tradisjonell optometri. Slik som det er i dag er det ikkje alle som har råd eller tilgangen til riktig hjelp. Foto: Andrea Bergsland

 

Testar eit heilt trinn

Haugstad ser på seg sjølv som heldig: Det er mange som slit med lese- og skrivevanskar utan at det vert oppdaga.

 

Magnar Helland, skulesjef i Voss herad, vedgår at mange får hjelp for seint.

– Skulen er ikkje feilfri. Mange får hjelp for seint, då har me svikta. Det er derfor me no prøver å gjera noko med det. Me får stadig fleire digitale hjelpemiddel.

 

SKULESJEF: Magnar Helland i Voss herad. Foto: Jan-Egil Dyvik

 

I haust har dei gjennomført test av alle tredjeklassingar for å avdekkja dysleksi. Samtidig understrekar skulesjefen at det er skilnad på dysleksi og lesevanskar.

– Testen skal hjelpa å avdekkja dysleksi, men om eit born har lese- og skrivevanskar som viser seg å ikkje vera dysleksi, må me ta det alvorleg. Synstestar er ikkje mitt fagfelt, men eg vil naturlegvis oppfordra alle til å sjekka synet og ta affære om noko ikkje er som det skal vera.


Kategorier: Lese- og skrivevanskar Pressearkiv