Alf Opheim Optikk Alf Opheim Optikk
Meny

Lokale saker

Å finne den rette hjelpa – samsynsproblemer og lese- skrivevansker

Å finne den rette hjelpa

Augelegen konkluderte med at dotter mi i 2011 til ikkje å ha nemneverdige synsproblem og at høgre auge har normalsyn utan brille.

 

Då dotter mi var liten hadde ho ei tydeleg skjegling på venstre auge. På djubdesynstesten/samsynstesten som vert gjort på helsestasjonen, der ein får 3D- briller og skal løfte opp ei fluge frå eit ark klappa dotter mi berre fluga på ryggen. Det var heilt umogleg for henne å sjå at fluga på ein måte «letta» frå bakken når ein tok brillene på. Ikkje gjorde ho det så godt på plakattesten heller.

 

Det var helsesyster som leda vegen mot augeavdelinga på Haukeland. Etter undersøkingar der vart me så sendt til ein meir lokal augelege, noko me var glade for då hans praksis låg så mykje lettare tilgjengeleg for oss. Etter konsultasjonar med kontrastveske og testing byrja dotter mi med lappetrening 3 timar kvar dag 7 dagar i veka for å rette opp skjeglinga. Lappetreninga strekte seg over fleire periodar over eit par år. Ho vart etter kvart overstimulert, noko augelegen sa ikkje hadde noko å seie for utviklinga av auga hennar. I løpet av denne tida fekk ho og briller som ho skulle nytte heile tida både i samband med lappetreninga og utan. Dotter mi er på denne tida om lag tre år.

 

Me var knytt til augelegen i nokre år og trudde me fekk god hjelp. Som mor stilte eg eit par spørsmål til behandlinga som vart gjort på bakgrunn av opplevingar både heime, i barnehagen og etter kvart på skulen. Kunne synet vere årsak til hennar motoriske problem? Dotter mi snubla mykje og hadde store problem med å ta seg fram i ulendt terreng. Når ho skulle sitje seg ned klarte ho ikkje berekne plasseringa eller avstanden mellom kroppen og staden ho skulle setje seg. Det å få glidelåsen saman i jakka var omtrent umogeleg. Å følgje med i spel, perle eller teikne var vanskeleg og det å skrive viste seg å bli svært problematisk. Ei stund såg det ut til at ho klarte å halde følgje med dei jamn aldrande i leseutviklinga, men så stagnerte det. Dotter mi likte godt å bli lest for, men ynskte ikkje å lese sjølv.

 

Augelegen virka etter kvart litt irritert over spørsmåla mine. Dotter mi fekk fleire gongar kontrastveske på auga for at augelegen skulle gjere gode observasjonar av utviklinga hennar, han nemnde om igjen og om igjen at ho hadde godt nok syn til å ta førerkort, noko eg som mor reagerte sterkt på. Kva med alt det andre ho skulle lære mellom no, ei jente i barnehagealder, og fram til ho vart gamal nok til å kunne køyre bil? Som mor var eg meir oppteken av at ho skulle lære å lese og skrive enn at ho ein gong i fjern framtid skulle kunne evne å ta «bil-lappen».

 

På ei av dei siste konsultasjonane våre, etter nok eit fortvila spørsmål angåande samsyn og djubdesyn, henta augelegen to duploklossar og bad dotter mi sette den eine opp på den andre, noko ho klarte. Konklusjon; problem løyst. Eg kjende at eg vart sett på som vanskeleg, at mine og andre sine observasjonar ikkje hadde noko å seie for denne augelegen. Både lappetrening og brillebruk vart avslutta etter legens ordre.

 

Etter dette fekk me ny time på Haukeland. Eg fekk inntrykk av at augeavdelinga ikkje venta å finne noko anna enn det den gamle augelegen hadde gjort i dei innleiande samtalane før dotter mi igjen skulle undersøkjast. Han vart sett på som ein dyktig augelege. Eg ville likevel at dei skulle gjere sine undersøkingar slik at ingenting var uprøvd. Observasjonane våre kring dei motoriske problema som dotter mi hadde så mykje med hennar forhold til avstand å gjere, korleis kunne det vera relatert til noko anna enn auga? På bakgrunn av dette vart dotter mi no undersøkt av både ortoptist og overlegen ved augeavdelinga på Haukeland.

 

I denne tida fekk eg eit tips frå kontaktlærar og PPT om at det var ein optikar på Voss som hadde spesialisert seg på å hjelpe born med synsproblematikk.

Samsynstrening med spesialbriller Samsynstrening med spesialbriller

I eit brev forfatta til augelegen med tanke på oppmelding til PPT i barnehageåra, spurte me om det gjekk å stadfeste eller avkrefte om synet kunne ha noko med vanskane hennar å gjere. Augelegen stadfesta at barn med eit auge klarar å fungere normalt og at jenta er vand med å berre bruke det eine auga. Dersom problema er knytt til når ho driv med lappetrening, vert konklusjonen at synet kan ha noko med vanskane å gjere. I tillegg til dette vart syns- og audiopedagogisk senter kontakta, der me fekk avslag.  Til tross for at det ikkje skulle vera noko nemneverdig feil med synet til dotter mi fortsette problema som før.

 

Dotter mi byrja i tredje klasse og hennar vanskar med å skrive fekk stort fokus. Lesinga gjekk trått og ho vart plassert langt fram i klasserommet slik at ho skulle få med seg det som føregjekk framme ved tavla. Ho fekk ekstralekse og eigne timar ute frå klassen for å øve opp løkkeskrifta. Ho hadde lite merksemd på det som skjedde i klasserommet, var stille og lata som ho jobba for å sleppe unna lærarane sitt fokus.

 

Leksearbeidet heime tok timar kvar dag. Det vart arbeid i bolkar for å få ho til å halde fokus, noko som var svært vanskeleg. Ho ville så gjerne, men å skrive på linja, bruke små bokstavar, ikkje berre store blokkbokstavar var vanskeleg. Å føre tal i små ruter under eller ved sida av kvarandre i rutebøker var og svært vanskeleg. Det var lite orden i skrivebøkene. Det er på denne tida dotter mi fekk nye briller tilpassa hennar synsproblematikk frå optikar Opheim. Briller som skulle hjelpe henne til å øve opp det dårlege auget og som samstundes hjelpte henne til å sjå betre.

 

Ei stund før dotter mi fekk dei nye brillene var vi på vår første konsultasjon hjå optikar Opheim på Voss. Dotter mi sine auge vart teken bilete av, skjeglinga hennar vart målt og optikaren såg på korleis auga hennar samarbeidde. Tårene mine trilla då han fortalte kva han fann og korleis han kunne hjelpe. Han fortalte at fagpersonane me tidlegare hadde vore hjå, hadde gjort slik dei fleste av alle augelegar i landet ville gjort. Det var ikkje noko me kunne ha gjort annleis.

 

Han fortalte kva han forventa skulle skje. Han ynskte at eg skulle be om at dotter mi skulle få sitje framme i klasserommet, plassert slik at ho hadde godt innsyn til tavla og læraren. Brillene kom og endeleg klarte dotter mi å lese og forstå det som vart skrive på tavla. Lesinga gjekk betre og betre. Kvar kveld vart det lest, men i staden for at mor leste alt, måtte dotter mi sjølv lese nokre linjer, så eit avsnitt og etter kvart las mor eit kapittel og dotter mi eit. Til slutt var all lesinga overtatt av ho. Ho er no svært flink til å lese, er ein «lesehest» og lesefarten er blant dei beste i klassen.

 

Samlinga av briller dotter mi har brukt har etter kvart blitt stor, men for kvar gong me har bytt briller har synet og evnene forbetra seg. Dette vart òg observert på Haukeland, der overlegen sjølv såg dei oppsiktsvekkande resultata og avslutta konsultasjonane hjå dei. Me skulle bli knytt til ein ny lokal augelege, då me i desse åra har flytta, og fortsetje med behandlinga me no var i gong med hjå optikar.

 

Den nye lokale augelegen har me enno ikkje høyrt noko frå, men me har fortsett behandlinga hjå optikar Opheim. Det er me svært glade for. Eg tør ikkje tenkje på korleis me hadde hatt det i skulesystemet om me berre hadde høyrt på augelegane og deira overtyding om at alt var bra og at vidare behandling ikkje var naudsynt. Eg er òg glad for at eg bad om å få sjekka dotter mi hjå ein annan augelege, og såleis fekk kome til på Haukeland hjå ortopist og overlegen på augeavdelinga. Dette meiner eg er med på å styrke resultata som optikar Opheim og dotter mi har samarbeida seg fram mot. Behandlinga er enno ikkje avslutta. Dotter mi strevar framleis, men framgangen er overveldande. ….( verdiar og forbetring )

Samsynstrening med spesialbriller

 

Til slutt vil eg sitere frå augelegen som me var knytt til i ei årrekkje si epikrise frå januar 2011:

 

Sykehistorie:

Hun har vært min pasient i mange år. Det aktuelle problem er litt nedsatt syn på venstre øye. Høyre øye har normalsyn uten brille. Konklusjonen er at med begge øyne ser hun normalt og skal således ikke ha nevneverdige synsproblemer. Vi har avsluttet videre oppfølging hos øyelege da forholdene synes stabile og tilfredsstillende.

 

Denne epikrisa stemmer ikkje overeins med våre opplevingar og erfaringane me har gjort oss dei siste åra. At det ikkje er større respekt for profesjon og betre samarbeid mellom augelegar, optikarar, helse- og skulesystem synes eg er trist. Saka til dotter mi er kanskje litt spesiell, men ikkje eineståande. Det er nok mange born der ute som kunne ha fått god hjelp til å lese og skrive om synsproblematikken deira hadde vorte oppdaga og rett behandling valt.

 

Til sist vil eg takke alle dei som har vore med å hjelpe oss fram mot resultata me har oppnådd. Me hadde ikkje klart det utan dykkar støtte.

 

Elin Berge Taule,

Mor og Opheim optimist.

 


Kategorier: Lese- og skrivevanskar Samsyn